Les redaksjonens korte bemerkninger til aktuelle bokutgivelser:
I forlaget H Press sin skriftserie «IMPERATIV» har dei denne gongen sluppe til ein debutant; Aud Olsen, og hennar personlege essay På kjøkkenet. Her dreier det seg om fleire ting. Ei kvinne kjem til Norge over svenskegrensa med eit sirkus, blir gravid og får tre ungar. Ho giftar seg, arbeider i meir enn 20 år ved kassa i PRIX, der ho får rikeleg med tid til å lese så vel litterære klassikarar som filosofi og teori. Sidan blir ho forfattar på heiltid, før ho snik på trikken, blir tatt av skattefuten for ikkje å ha registrert inntekt, blir skild frå mannen sin (etter opplegget med straffeskatten), flyttar først inn i eit lesbekollektiv, så inn på kjøkenet (kven sitt kjøken? berre kjøkenet?). Der har ho samleie med to innleigde polakkar, skriv ein heil del god litteratur, m.a. den (for henne) banebrytande (og nb! subjektslause) setninga «Det regner». Og til sist (kva tid til sist? etter mange år eller berre ei lita stund?) har ho bura seg inne i det tradisjonelle kvinnerommet, stakkarsleg og dårleg til beins, medan bokstavane i namnet hennar på symbolsk vis fell av postkassen utanfor.
Handlinga i dette essayet kunne vore gjenfortalt på andre måtar, med fleire eller færre parentesar enn ovanfor. Det er i det heile tatt vanskeleg å finne ein narrativ tråd som ikkje raknar gjennom lesinga. Men akkurat det synast også å vere noko av poenget. Essayets historie, og det språket historia blir fortalt i, er som vatn og luft – to element som ikkje møter kvarandre før det kokar over:
Men når et ord, si, slik glir av tingen (og det vil her, i begge tilfeller, si «språket»), og tingen (altså «språket») i tillegg forsvinner, kan det ha noe på lur, nesten alt i dette tilfellet, eller alt. Når grensene mellom språket og tingene ikke i noe fall var klare; om man ikke kunne finne en distinktiv forskjell mellom dem, der den ene begynte og den andre sluttet, og heller ikke ... i en viss forstand kunne man ønske, eller håpe, at noen lyttet, at språket hadde en lytter som ikke var omfattet av det, som forsatte bortenfor, på en ... og snakket i det. Selvfølgelig. Eller skrev.
(s.30-31)
I god fagfilosofisk tradisjon tar det like lang tid å lese desse 67 tynne sidene som Don Quijote. Med fullt noteapparat, litteraturliste, og skrive på ein nærmast irriterande uleseleg måte, ser dette akademiske opplegget umiddelbart overbevisande ut. Tilleggsartikkelen «Figuren», er også imponerande kompleks. Dette skal vere Aud Olsens nyomsetjing av den nederlandske professor Gustav Haarnack (1919-1992) sin berømte artikkel «Die Figur», som er ein dekonstruksjon av Aristoteles’ Poetikken. Ifølgje forfattarens kjelder er denne artikkelen tidlegare omsett til norsk av ein viss E. Ernst. Følgjer vi den tråden vidare ser vi at Forlaget Tiden gav ut Gustav Harnaacks essaysamling «Livet på landet» (2005), omsett av nettopp mannen med det repetitive namnet Ernst Ernst. Men Google avslører raskt at Ernst Ernst er eit dekknamn. Slik sett passar det som hand i hanske at Harnaacks artikkel også siterer og støtter seg på Søren Kierkegaards roman Gentagelsen, som han i 1843 publiserte under pseodonymet Constantin Constantinus. Og sirkusmotivet hos Aud Olsen har også sitt førebilde i den pseudobiografiske utgjevnaden Sirkusformer av trapesinstruktøren og forfattaren Kestr Aschnitz (Biblioteket Gasspedal, 2003). Omsett av – nettopp – Aud Olsen. Ei kassedame som også er ein dekonstruktiv filosof, fagoversetjar, forfattar? Dette er sjølvsagt eit maskespel, fiksjon og lureri for galleriet. Språkets manglande referansar til røynda, som i utdraget ovanfor, eller den sentrale subjektslause setninga «Det regner», blir også overført på essayets forfattar(ar) som språklege figurar. Bokas fulle tittel er På kjøkkenet - eller maset med Gustav Haarnack, Ernst Ernst, Kestr Aschnitz, Arve Kleiva & Aud Olsen. Berre ein av desse karakterane er ein registrert forfattar. Gjett kven som masar, eller klikk deg vidare frå lenkene under.
>> Omtale av utgivelsen på Vagants nettsider
>> Praktisk bruk av ansvarsangivelsen iht. reglene i AACR2, paragraf 21.4C1
JOS 15/05/08