tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

/bokomtaler

Les redaksjonens korte bemerkninger til aktuelle bokutgivelser:

Tjukkare enn vatn

For ikkje så lenge sidan fekk eg refusert eit barnebokmanus om ein gut som ikkje kunne sove fordi han venta på ei mor som ikkje var hos han lenger. Konsulenten i forlaget meinte det vart for spinkelt. I dag, når eg har lese vaksen-forfattaren Gaute Heivolls debutbok for barn, Himmelen bak huset (Cappelen Damm 2008), er eg glad det ikkje vart noko av mi. For ei vakrare og meir innhaldsrik forteljing kan ikkje skrivast om ein gut som lengtar etter si døde mor.

Midt i boka heng det ein raud tråd, ein slik ein som vanlegvis finst i eventyrsamlingar over åtte hundre sider, sånn at du skal kunne markere akkurat den sida du var på då veslepoden sovna. Tråden er ikkje berre eit bokmerke for staden du slutta å lese - men også eit punkt å gå vidare frå, ei forsetjing. Eg trur denne tråden er mest for pynt i Heivolls forholdsvis korte barnebok. Eller han betyr noko anna, han har noko med historia å gjere – på same måte som desse barnebøkene som er fulle av lukar som kan opnast, skattekister som er tomme eller fulle – eller fuglar i papp, som slår med vengene når du blar i sidene.

Men altså; Jon, som er forteljaren i denne boka, får ikkje sove, fordi mor hans, som er død, ikkje har kome til han denne kvelden. Han blir redd. Men Jon sin pappa er mild – og i beste Jon Fosses-kanoniserte-barnebok-Kant-stil også klok. Fordi han ikkje kan vere hos Jon og passe på han heile kvelden, rekkjer han opp ein raud genser som mor til Jon har strikka, og knyt den eine enden i stortåa si og den andre i fingeren til Jon. Så sovnar guten:

Det føles trygt å bare kjenne tråden i hånden. Bare å vite at den andre enden er knyttet rundt pappas storetå. Nå kan jeg endelig sove, nå som jeg holder meg fast i pappa (s.28).

Men når han vaknar og er redd og byrjar trekkje i tråden, då er det som ingen svarar. Så byrjar Jon å følgje etter tråden, gjennom huset og gjennom døra og ut i skogen. Theseus vandring gjennom labyrinten etter Ariadnes raudspinte tråd, er eit klassisk førebilde denne historia ikkje kjem utanom. Men den raude tråden er ikkje berre eit vern mot farane, han er også eit blodsband, som ikkje berre knyt Jon saman med far sin, men han kjem også fram til mor si langt der ute i skogen:

Jon! sier hun. Endelig kom du. Jeg gnir øynene som om jeg nettopp har våknet, men slik er det jo ikke, jeg er lys våken og mamma står der og er akkurat slik jeg trodde hun skulle være (s.68).

Annakvar side er illustrert av Øyvind Lauvdahl og teikna i svart-kvitt – bortsett frå tråden, som einkvar merksam lesar (eller lyttar) kan følgje som ein raud farge gjennom heile boka. Og det er dette samspelet mellom det nøytrale og det fargelagte – eller mellom tråden som litterært (og biologisk!) motiv og som kulturhistorisk symbol, som løftar denne boka opp frå å vere noko meir enn ei barnebok om eit kjent og tidsrett tema.

Eg trur Himmelen bak huset kan bli ei referanse og ein standard for framtidige barnebøker. Ho er lettlest og samstundes seriøs. Ho er skrive for både barn og vaksne. Og ho kombinerer det alvorlege og det sorgtunge med ein livsgnist som gjer ho spennande – men også til å stole på.

JOS 09/03/08