tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

/bokomtaler

Les redaksjonens korte bemerkninger til aktuelle bokutgivelser:

Ei reise til diktets ende

Å skrive er å danne seg rom; stader i skrifta eller stader å skrive frå. Slike rom i litteraturen kan vere nyskrivne eller gamle, originale eller lett gjenkjennelege. Sjølve skrivearbeidet kan opplevast som ei rørsle i – og mellom – slike rom. Og der litteraturen blir vellukka og fungerer, der bringer han også lesaren i ei uventa rørsle. Paal-Helge Haugens nye diktsyklus Kvartett 2008 (Cappelen Damm 2008) består av fire bøker, som er forskjellige i format, lengde, omslagsfarge og innhald. Men den medvitne bruken av litterære rom i desse bøkene bind dei fire verka saman til eitt.

Dei første to bøkene er dei som mest eksplisitt referer til litterære topoi, (tekst)stader kjent frå annan litteratur. I Gs bok er kvart dikt innleidd av eit bibelsitat frå den nynorske 1930-utgåva. Sitata og dikta følgjer Bibelen kronologisk frå skapingsforteljinga, gjennom folkefedrane, profetane, inn i Kristus-evangelia og ut i den apokalyptiske Openberringa. Som regel er det eit forløysande ord eller motiv i bibelteksten som diktaren byggjer opp og ut i sin eigen tekst. På mange måtar minnar dette om ein poetisk type eksegese, som i alle fall eg ikkje har sett så vellukka nokon annan stad. Eit døme er når Herren i 2. Mosebok stiftar påska for Moses: «Og det skal vera som det var rita i handa di, og som det stod skrive framfor augo dine». Paal-Helge Haugen fabulerar då vidare om ei kroppsleg, fysisk skrift, som kan gi seg til kjenne i

ein lyd så svak
at den berre kan høyrast
med lukka augo

ei skrift som gir seg til kjenne
som ei prikking i fingertuppane

Andre boka, Dantes Oske, er organisert på same måten som Gs bok, men med innleiande italienske, engelske og norske tekstfragment frå Dante Alighieris La Divina Commedia.

Medan dei første to bøkene er knytt til konkrete litterære stader, skildrar dei to siste bøkene overgangar og rørsler mellom ulike rom. Både Passasje og Visum er tittelord som har noko med både skrift, innreise og overfart å gjere. Visum er det klart svakaste punktet i denne utgjevnaden. Med få unntak er dette ein rotete og blanda bukett av dikt frå ulike prosjekt, nærmast eit ekstra kapittel til Lause dikt i Paal Helge Haugens Dikt i samling frå 1995. Men som motvekt til denne gir tredjeboka Passasje inntrykk av å vere den mest gjennomarbeidde og finslipte av dei fire beina i Kvartett 2008. Passasje er grunn god nok til å kjøpe heile fireboksverket. Eg vil gå så langt som å seie at dette er den sterkaste og best komponerte diktboka som eg har lest i Paal-Helge Haugens 43 år lange diktargjerning. Her er det draumens landskap og skriftas livgivande og oppvaknande kraft som dannar bakgrunn for det å dikte:

i det svakt opplyste mellomrommet
mellom andleta lever dei døde.
Der har dei sin tilhaldsstad
inntil vidare. I det usikre lyset
som andleta avgir medan dei blir
gjennomskrivne.

Så er det til sist ei rørsle mellom verda vår og den usynlege verda bak denne. Frå regnet som fell i det første og det siste diktet i Passasje, veks det fram ei skrift som gir røyst til dei som har gått bort; ei røyst som reiser seg frå alle tenkelege stader, frå gatene, hushjørna, soveromma, natta og dagslyset, havet og himmelen, frå det som framleis er att i verda, det som framleis skal bli. I dei uklåre grensene mellom svevn og vaken tilstand, mellom liv og død, finn diktet sin første og siste stasjon:

Her er vi, utan tvil

i enden av den tomme gata
eit trafikklys som blinkar gult
gult

Dei som var her er borte
Dei som skal kome
er ennå ikkje komne

JOS 26/05/08