tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

/bokomtaler

Les redaksjonens korte bemerkninger til aktuelle bokutgivelser:

Poesi under høgtrykk

I Jung.no har vi ikkje hatt for å vane å bokmelde svensk poesi. Akkurat det er litt synd, for her skjer det mykje spennande for tida. Ikkje minst har Viktor Johansson og hans debutsamling Kapslar (Modernista, Stockholm 2007) fått stor merksemd og omtale i svensk media. Han vant nylig Borås Tidnings Debutantpris, ein litteraturpris for skjønnlitterære debutantar på heile 100.000 svenske kroner.

Tekstane i Kapslar er typografisk satt som halvsider, skrivne dels i fullsetningar, dels med versedeling. Men innhaldsmessig skjuler dette enkle grafiske oppsettet eit nettverk av komplekse bildesamanstillingar og krysstematikk, som til trass for samlinga sine 83 tynne sideblad tar lang tid - svært lang tid - å kome heilt igjennom. Dei bilda og hendingane som blir kombinerte i Johanssons tekstar er så friske og uventa at eg må smake på dei fleire gongar:

Himlen faller i snö, en sönderriven karta
över vårt förstånd.
Kristallerna självförstörande i handflatan, ögat,
ett frö för rent att sättas i annat än jord,
många sjukdomar bär namn efter blommor.
I en glasmonter respirerer lungorna,
vakre handarbeten som bare kan vävas in i en påhittad tid,
det är science fiction och kan inte tas emot av kroppen.
(s.17)

Når kulturredaktøren i Borås Tidning, Stefan Eklund, kallar Johanssons dikt ein «MTV-poesi», passar det godt på det flash-aktige språklege uttrykket. Men om innhaldet vil eg likevel seie at der MTV er full av lett gjenkjennelege klisjear om dollar, silikonpupper og puling, er Johanssons dikt bortvendte, intelligente og kritiske. Slik eg forstår desse dikta, oppfattar Johansson den vestlege samtida vår som ei sjølvforstørrande og egoistisk tid, der vi på den eine sida lovprisar naturen og alt det naturlege; vi gjer til og med det sjuke naturleg ved å gi diagnosar blomsternamn. Samstundes prøver vi å gjere oss sjølv og våre eigne kulturelle uttrykk udødelege, til dømes ved hjelp av kosmetisk kirurgi eller gjennom framtidas genteknologi. Det er mykje som minnar om science-fiction her – ikkje minst det motivet som utgjer samlingas tittel: kapselen. Tidskapslar har gått opp i rommet med beskjed til dei der ute om å høyre på Elvis eller lese James Joyce, eller blitt grave ned i jorda for alltid. På bakdelen av boka står det også at «Denna bok er en tidskapsel». Men Johanssons tidskapsel er økologisk kledd i papir og ikkje i stål. Les desse vakre avslutningsversa, og bestill ei nedbrytbar diktsamling idag:

Om eftervärlden ska vara ett barn av vår tid
måste vi äta efterbörden, göra helt rent efter oss.
(...) Vi ska jordsätta en nedbrytbar tidskapsel,
inte odla någon framtid som liknar framtiden.
(s. 83)

Lenker

>> Borås Tidning gir Johansson litteraturprisen
>> Näthem för boken Kapslar – mengder av ekstramateriale, bokomtalar, nyhende, osv.
>> CNN om KEOs tidsskapsel som skal vare i 50.000 år

JOS 06/04/08