av Rune F. Hjemås
SEINT EIN KVELD, mens ho satt framfor tv-en og fortapa seg i noe lett og meiningslaust, blei Renate ringt opp av ein journalist frå Mars. Eg håpar eg ikkje forstyrrar, sa han, men vi driv og planlegg ei lita temaveke om menneska, og vi skulle gjerne ha spurt deg noen enkle spørsmål. Renate retta seg opp i sofaen og sa det var greitt. Korleis har dei fått nummeret mitt, tenkte ho, men ho fikk seg ikkje til å spørje, det viktigaste syntest ho var å gjere eit godt inntrykk, no når ho hadde sjansen. Samtala tok ikkje lang tid, og da ho seinare fortalte meg om dette, verka ho fjern og ikkje spesielt interessert i å brodere ut historia. Men kva spurte han om? masa eg. Æsj, bare noe uvesentleg, sa ho og sukka. Det gikk ei stund, og så såg ho på meg igjen. Veit du, stemma hans minna meg om noen, men eg greier ikkje å hugse kven. Å, sa eg. Ja, jævlig irriterande, sa ho. Eg nikka bare, for eg visste korleis det var. Ein gong hadde eg fått telefon frå kongen, og det hadde tatt meg fleire dagar før eg skjønte at det var onkel Ulf stemma hans minna meg sånn om.
Publisert 15. august 2008
Rune F. Hjemås, f. 1982. Debuterer som forfatter høsten 2008 med kortprosasamlingen Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd (Samlaget).