tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

Sveva ut frå sjette etasje

Ein suite

av Helge Torvund

Nokturne I

(Jimmy Smith: Ode to Billie Joe)

Månetårnet flyttar seg seint gjennom natta over det mørke vatnet og dei luftblå fjella i synsranda Eit halssmykke av lys på den andre sida av fjorden glitrar Nattsøster går sin første runde Eit jazzreptil smyg seg buktande fram på botnen

av Hillevåg Dei raude bremselysa glid lågt gjennom gatene med sin aura av urban blues og bensinangande attrå Orgelriffa og den svarande gitaren rører seg att og fram over gata Bassen synkoperer natta og kastar skyggen av ein storbyulv mot

husveggene Det finst opne soner av usynlegheit der ein kan trekkja seg attende og bli oppslukt av dette mørke stoffet Ei legering av rastlaus vagabondering og stille observasjonar i barar medan timane legg seg over på nattsida og glir

saktare og saktare inn mot det punktet der alle riff har sitt utgangspunkt, der alle taxiar stoggar for raudt lys, der alle kvinnene ser ned, der ein sugande tung bass buktar seg halvakustisk fram kring hjørnene som ein slange som vil slikka deg i øyra

>>

Publisert 5. desember 2008

Helge Torvund (f. 1951) har gitt ut om lag tjue diktbøker. Sist bok er Sjelsord (Samlaget 2008).