tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

Sveva ut frå sjette etasje

Ein suite

av Helge Torvund

Nokturne II

(The Rolling Stones: You can’t always get what you want)

Nattsøster står bøygd over den gamle som har ropa etter taxi til Randaberg halve natta Hennar kroppsspråk: tålmod og omsorg Eg koplar ut lyden av desse to Koplar inn London Bach Choir som syng Hillevåg opp i ein annan dimensjon

Fullmånen beveger seg frå vindauga til vindauga gjennom vårnattas angar Verken månen eller eg lukkar augo heile natta Koret forstummer og Keith Richards tek over Den heimekjære klangen av akustisk gitar ligg under Al Kooper sine varsame tonar

frå fransk horn Mick Jagger kjem heilt fram til øyra mitt og er personleg Han har sett henne nedi resepsjonen, seier han, ho hadde eit glas vin i handa Han seier det

slik det er you can’t always get what you want Eg nikkar og tek han i handa før han dreg avgarde til ein demonstrasjon av veldig musikalsk kraft Hillevåg svevar høgt utanfor sjette etasje og syng sitt landskap opp i det spirande grøne vårblå

Folk søv og snart et dei frukost og det er godt at nokon søv og vaknar og et Eg ligg månevaken og ser skyggane av menneske som rører seg på korridoren in her glass was a bleeding man morgonen kjem til den som ventar og Hillevåg svevar ut over fjorden

>>

Publisert 5. desember 2008

Helge Torvund (f. 1951) har gitt ut om lag tjue diktbøker. Sist bok er Sjelsord (Samlaget 2008).