av Helge Torvund
(Ravi Shankar: Raga Jog)
Eg snur andletet bort frå rommet eg ligg på og ser fjellrekkjene blå seg bakover medan sitartonane stig roleg og mørkt gjennom rommet Veldige smertestillande toneplantar slår ut sine ornamentale blad av nattgrønt og gull og omfamnar atelieret
nede ved jernbanen i bygningen til Teknisk Bureau der Kjell Pahr-Iversen får gule plantar til å veksa under penselen Eg høyrer at Ravi Shankar sine tonar kjem frå ei langsamare verd og ser korleis dei omsluttar heile Hillevåg med vekslinga
mellom lyse klangar og mørke borande drag som dreg ut små tema Som skiftar og varierer og held merksemda i avsindige raske løp Gleda over alt eg har fått sett av landskap og smil stig fram for meg Kattar og resonanskassane på musikkinstrument
Store lauvtre og gamle skinninnbundne bøker Lukta av krossved, syrin og hegg Takksemda over synet av terrakotta, lydane av gamle, venlege røyster nede ved kaien og ei angande verd av plantar Så kjem den karakteristiske pausen med eit langt drag
over alle lyst klingande strenger før tablatrommene set inn med sine sugande, vassdyriske lydar Dei uttrykker glede og sorg og fire hundre andre kjensler på eit språk som fingrane og øyro elskar
Publisert 5. desember 2008
Helge Torvund (f. 1951) har gitt ut om lag tjue diktbøker. Sist bok er Sjelsord (Samlaget 2008).