tekster / nyheter / omtaler / annie / faq / nordahl / kontakt / redaksjon / arkiv

Sveva ut frå sjette etasje

Ein suite

av Helge Torvund

Nokturne IV

(Leonard Cohen: Love itself)

Lyset kom inn gjennom vindauget med morgonen i fanget Å ha eit fang å vera i Og vera ordlaust der når natta sig ned i havet og inn i fjella Å kjenna verda famna ein og lytta

til ei velkjent røyst som syng om ord og ikkjeord Then I came back from where I'd been. My room, it looked the same - But there was nothing left between The Nameless and the Name.

Å slå augo opp og ha gløymt alt som skjedde sidan ein lukka dei kjennest som ei gløymd lykke Får eg gli inn i det døsige lyset der ingen spør og ingen svarer? Eg stirar på seks etasjar med luft

Å sveva ut frå sjette etasje i djupe tonar av bass og piano og ei heilt nær og avslørt røyst som prøver å seia litt meir Det er ikkje meir att mellom det namnlause og mitt namn

Publisert 5. desember 2008

Helge Torvund (f. 1951) har gitt ut om lag tjue diktbøker. Sist bok er Sjelsord (Samlaget 2008).